Det fyrste raset gjekk ved Ekkjevika langs Røldalsvatnet like etter klokka 21, onsdag kveld. Kort tid etter gjekk det eit nytt ras. Denne gongen nærare Suldal.

To bilar er fanga mellom rasa.

SISTE: Ifølgje Vegvesenet vert ikkje vegen ved Ekkjevika opna torsdag. Geolog har vore på staden og vurdert faren for nye ras. Raset i nærleiken av Suldal blir rydda og dei som sit innesperra kan køyre ut denne vegen.

Situasjonen er uendra torsdag morgon.

– Ein geolog blir flydd inn i ni-tida for å vurdera situasjonen. Vi må avvente fram til dette for å kunne si noko om forholda, men vi håpar sjølvsagt at vi får starta opprydningsarbeidet i løpet av føremiddagen, seier Camilla Einarsen i Statens Vegvesen til tv2.no.

Dei fem personane har det etter forholda bra, seier politiet.

– Dei som står mellom rasa har det bra. Den eine bilen hadde godt med mat med seg så alle har fått ete, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Terje Hilland.

– Bilane står no på ein trygg stad der det ikkje kan rasa, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen til tv2.no.

Åtte år gammal gut er innesperra

Han seier at det er ein far og sonen på åtte år i den eine bilen, medan det skal vera eit ektepar med ein tenåring i den andre bilen.

Det fyrste raset som gjekk er rundt ti meter breitt og mellom ein halv meter og fire meter høgt.

– Er de heilt sikre på at det ikkje er andre bilar innvolvert i rasa?

– Det har me ingen grunn til å tru, seier Andersen.

Stor rasfare

Han seier at bilistane må halda seg i ro fram til det kjem dagslys. Då vil det verta flydd inn geologar frå Bergen som skal vurdera situasjonen.

– No kan me berre venta til me får ein oversikt over situasjonen, det får me ikkje før det blir lyst, seier Andersen.

Han seier at dei ikkje har fått rasmeldingar frå andre plassar.

– Men det er generelt stor rasfare, det må me berre forholda oss til, sluttar han.

Del med andre: